I Norkyrkja Sandane utarbeider vi opplegg for bruk i smågrupper og bibelgrupper knytt til tematikken på samlingane våre. Desse er gratis å ta i bruk, men om du har hatt glede av ressursane, så vipps gjerne ein sum til #540162. Arkivet frå før 2020 ligg på Normisjon Sogn og Fjordane sine nettsider.

Alle talane kan du finne på podkast her: https://feeds.feedburner.com/motepunktb Du kan òg abonnere via iTunes eller Spotify eller søke opp Norkyrkja Sandane / Møtepunkt B i andre podkastlesarar.

Dette er prinsippa bak overskriftane i gruppeopplegga:
LÆRE  – grundige, tekstarbeidande og utforskande spørsmål
VERE  – identitet og livsform (ikkje aktivitet først)
GJERE  – konkrete steg, utan moralpress
ÆRE  – forslag til salmer/ lovsongar med tekstleg samanheng med tema
BØN  – enkel, Kristussentrert og nådebasert

Ta kontakt med smagruppe@motepunktb.no eller med smågruppeansvarleg Andreas Tjomsland på tlf. 90739102 for å kome i kontakt med ei smågruppe som passar for deg!