Taleserie og smågruppeopplegg haust 2026

Dette smågruppeopplegget ligg her gratis og tilgjengeleg. Men har du nytte og glede av det, så vipps gjerne ein slant til Møtepunkt B på vippsnr. #540162 og merk med “takk for smågruppeopplegg” eller liknande.

Mange av oss lever i eit tempo sjela ikkje klarer å følgje. Vi spring mellom jobb, barn, skule, barnehage, aktivitetar, ansvar, skjermar, forventningar og draumen om eit liv som endeleg skal lande. Og ein stad midt i alt dette kan trua kjennast som endå ein ting vi burde klemme inn på toppen.

Men kanskje handlar ikkje stresset berre om at vi har for mykje å gjere. Kanskje handlar det også om kva vi ber dei ulike tinga i livet om å gi oss. Tryggleik. Verdi. Meining. Kontroll. Fridom. Lukke. Fred. Mange av tinga vi fyller livet med er gode ting, men gode ting blir tunge når dei får ei rolle dei aldri var meinte å bere.

Jesus kjem difor ikkje berre som ei støtte til å gjere det livet vi allereie lever litt meir tåleleg. Han kjem med nåde og sanning, med kjærleik og rettferd. Han møter dei trøytte med kvile, men han utfordrar også det som bind oss. Han kjem ikkje for å gjere alle vala våre berekraftige. Han kjem med ei bereevne som fordrar tru, omvending og etterfølging.

I denne serien spør vi kva det betyr å følgje Jesus midt i ei tid prega av press, uro og sjølvrealisering. Ikkje som eit ekstra punkt på lista, men som ei reorientering av heile livet. For Jesus kjem ikkje for å hjelpe oss å springe fortare i hamsterhjulet. Han kallar oss til eit liv som faktisk held i lengda.


Pust og rytme - samling nr. 1

Når livet går fortare enn sjela

Bibelfokus: Matt 11,28–30
PDF med gruppeopplegg

Tema:
Jesus seier: «Kom til meg, alle de som strevar og ber tunge bører, og eg vil gje dykk kvile.» Dette er eit av dei varmaste orda i evangelia. Jesus ser dei slitne, overbelasta og urolege, og møter dei ikkje med fordømming, men med invitasjon. Samtidig inviterer han ikkje berre til ein pause før vi spring vidare i same retning. Han seier: «Ta mitt åk på dykk og lær av meg.» Jesus tilbyr ikkje berre kvile frå livet, men eit nytt liv å kvile i. Denne søndagen spør vi kva slags åk vi lever under, kva som driv oss, og kva det betyr å lære av Jesus — ikkje berre få hjelp av Jesus.

Kort sagt:
Jesus vil lære oss å leve eit liv som held i lengda

Tale av Vegard Tennebø 23.08.26

Pust og rytme - samling nr. 2

Mennesket er ikkje ein maskin

Bibelfokus: 1 Mos 1,26–2,3 / Mark 2,27
PDF med gruppeopplegg kjem

Tema:
Vår kultur behandlar ofte mennesket som ein maskin som skal optimaliserast. Vi skal produsere meir, rekke meir, svare raskare, prestere betre og få mest mogleg ut av kvar dag. Men Bibelen startar ein heilt annan stad: Mennesket er skapt i Guds bilete, med verdi før prestasjon, identitet før arbeid og kvile før oppdrag. Det første heile døgnet mennesket lever i Bibelen, er kviledagen. Sabbat er difor ikkje berre ein pause, men ein protest mot slaveriet under produksjon, forbruk og sjølvrealisering.

Kort sagt:
Å kvile er å øve seg i å vere menneske, ikkje Gud.


Pust og rytme - samling nr. 3

Det eine nødvendige

Bibelfokus: Luk 10,38–42
PDF med gruppeopplegg kjem

Tema:
Marta gjer mykje godt. Ho opnar heimen, tener, ordnar og tek ansvar. Problemet er ikkje at ho er aktiv, men at ho er uroleg og splitta. Jesus seier: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er nødvendig.» Denne teksten treff rett inn i ein kvardag der mykje faktisk må gjerast. Jesus latterleggjer ikkje ansvar, arbeid eller omsorg, men han vågar å spørje kva som skjer når sjølv gode ting får styre hjartet vårt. Det åndelege livet er ikkje noko vi legg på toppen av alt anna når vi får tid. Det er staden vi lever alt anna frå.

Kort sagt:
Begynn med det viktigaste - set deg ned hos Jesus


Pust og rytme - samling nr. 4

Det vi trur skal frelse oss

Bibelfokus: Luk 12,13–34
PDF med gruppeopplegg kjem

Tema:
Den rike bonden i Jesu likning har eigentleg lukkast. Han har fått stor avling, økonomisk tryggleik og moglegheit til å roe ned. Likevel kallar Gud han uforstandig. Problemet er ikkje at han har avling, lager eller planar, men at han har bygd livet sitt rundt feil sentrum. Han trur tryggleiken hans ligg i det han eig, det han kontrollerer og det han har samla opp. Denne søndagen går vi inn i vår tids jag etter tryggleik, status, bustad, karriere, familieprosjekt, kropp, fritid og «berre litt meir». Det farlege er ikkje at vi ønskjer oss gode ting, men at vi ber dei om å gi oss det berre Gud kan gi.

Kort sagt:
Berre Gud er solid nok til å byggje heile livet på

Pust og rytme - samling nr. 5

Søk først

Bibelfokus: Matt 6,19–34
PDF med gruppeopplegg kjem

Tema:
Jesus seier ikkje berre: «Ikkje ver urolege.» Han seier: «Søk først Guds rike og hans rettferd.» Det er ikkje berre eit råd for betre stressmeistring, men eit kall til å omorganisere livet rundt eit nytt sentrum. I Matt 6 bind Jesus saman skattar, auge, mammon og bekymring. Det vi elskar, formar blikket vårt. Det vi tener, styrer vala våre. Det vi stolar på, avgjer kva som skjer i oss når framtida kjennest usikker. Guds rike er ikkje pynt på toppen av eit sjølvstyrt liv. Det er det første vi skal søkje.

Kort sagt:
Jesus tilbyd ein betre måte å organisere liva våre på

Pust og rytme - samling nr. 6

Følg meg ut av hjulet

Bibelfokus: Matt 7,24–29 / Mark 8,34–37
PDF med gruppeopplegg kjem

Tema:
Jesus avsluttar Bergpreika med to hus. Begge høyrer orda hans, men berre det eine byggjer på dei. Skilnaden ligg ikkje i kven som synest Jesus seier mykje klokt, men i kven som faktisk gjer etter orda hans. Denne serien landar difor ikkje i betre balanse som livsstilsprosjekt, men i etterfølging. Jesus er ikkje berre ein ressurs for mitt livsprosjekt. Han er Herre. Mark 8 skjerpar spørsmålet: «Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?» Jesus kallar oss ut av det som ikkje kan frelse, og inn i livet med han — det livet som held.

Kort sagt:
Å bygge livet på Jesus er å bygge på fjellgrunn