Alphakurs er designa for deg som ikkje er vand med kyrkje eller bedehus, men som vil undersøkje dei store spørsmåla i livet.

Oppskrifta er enkel: Ete. Sjå film. Prate om viktige ting.

Alpha-kurs hausten 2026

Kunne du tenkje deg å utforske dei store spørsmåla i livet i eit trygt, men spennande fellesskap? Er du kanskje nysgjerrig på kva kristen tru handlar om? Eller kjenner du nokon som du gjerne ville tatt med på noko slikt? Då er kanskje Alpha-kurs noko for deg! Alpha er eit uformelt og uforpliktande introduksjonskurs som over 38 millionar menneske over heile verda har vore med på. Ei vanleg samling består av eit måltid, ein filmsnutt og ein samtale med rom for både undring og vanskelege spørsmål.

Om du er interessert, så er du varmt velkomen til ein heimekoseleg Alpha-middag i Firdavegen 20 den 21. september kl. 19.00 for å finne ut kva det går ut på. Deretter går sjølve kurset på Sandane bedehus ni måndagskveldar frå 12. oktober fram til og med 7. desember, og med tilbod om ein kort weekend på Holmely retreatsenter 28. og 29. november. Det er Norkyrkja Sandane som legg til rette for kurset. Meld gjerne frå på tlf. 90739102 eller bruk påmeldingsskjema under her.